Vestlandsmeisterskap mellomdistanse (21.08.2022)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Skage
Arrangør: IL Gneist
Tungt regn før start, og eg frykta det verste...

start - 2.: OK, og ved passering post 2 ligg eg på 2.plass i klassen (og foran vinnaren...).

2. - 3.: OK opp til stien, men opp frå denne kjem eg inn i dy våt småskog, som medfører masse vatn på alle flater som eg gjerne ønskjer å sjå gjennom. Eg finn ut at eg må kome meg opp og ut av denne vanndaskande småskogen, og når eg kjem opp, brukar eg litt tid på å forstå kvar eg er. I etterpåklokskap hadde det nok vore betre å dra opp frå stien lengre sør, der skogen frå stien og opp mot posten var meir open...

3. - 4.: OK, sjølv med litt småsnubling pga at eg ikkje ser kva eg trakkar på...

4. - 5.: Eg slit fortsatt med å sjå, og når eg i tillegg gløymer at eg har med kompass, går det som det går. Eigentleg eit særs pinleg strekk, men gjort er gjort...

5. - 6.: Eg har maks. uflaks der eg møter vegen, og må kjempe meg gjennom eitt meir enn 10 meter breitt belte med brennesle og anna vi helst ikkje ønskjer å møte i skogen...

6. - 7.: OK (passasjen rett ned frå post 6 var avstengd med sperreband)

7. - 8.: Planen er å dra til høgre for dei grøne flekkane like før posten, men eg ser inga opning i tettskogen, og rundar i staden til venstre. Det blir lengre rundt enn kva eg trur det skal vere...

8. - mål: OK

Vis kommentarer (0)
 
Vestlandsmeisterskap mellomdistanse (21.08.2022)