Vestlandsmeisterskap langdistanse (20.08.2022)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Hjellestad-Milde
Arrangør: IL Gneist
Sjølv om form og tempo ikkje heilt er der eg gjerne skulle ha sett, må eg seie meg godt nøgd med gjennomføringa i dag :-)

start - 2.: OK

2. - 3.: Planen er å løpe rett på, men inga katastrofe å få eit lite høgreavvik akkurat her.

3. - 5.: OK

5. - 6.: Planen er eigentleg å runde til høgre for fotballbana, men det er ingen aktivitet på denne, og då løper eg rett over. Open port der eg løper inn, men eg må klatre gjerdet når eg skal ut.

6. - 8.: OK

8. - 9.: Ut frå posten slit eg med produksjonsfeilen på utskrifta, som gjer det umogleg å lese korleis det ser ut mellom vegen og skuletomta, men eg trur eg finn ein grei og lovleg trasé over her.

9. - 12.: OK

12. - 13.: Det er truleg noko raskare å klatre opp lengre til venstre enn det søkket eg veljer.

13. - mål: OK
Vis kommentarer (0)
 
Vestlandsmeisterskap langdistanse (20.08.2022)