bedriftsløp VBIK Bergen (17.08.2022)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Davanger
Arrangør: Skogselskapet BIL
Rusten opning på haustsesongen i dag, med totalt 7 min. tidstap :-(
Sleit fleire stader med å lese kartet, utan at alt av dette medførte tidstap.

Start - 1.: Skjønner ikkje vegetasjonsteikninga inn mot posten, og i staden for å stole på kurvebiletet, som eg føler passar, justerar eg til det eg oppfattar som passande med vegetasjonen. Tabbe...

1. - 2.: Går meg fast i grums ut frå 1., og drar til slutt ned på ein annan sti enn den eg eigentleg har sikta meg inn på.

2. - 3.: OK

3. - 4.: Alt anna enn lettløpt bortover her, og strekktidene forteljer at det finnast minst ein betre trasé, utan at eg heilt veit kvar... Truleg lavare ned, evt. kanskje høgre på utydeleg sti???

4. - 10.: OK

10. - 11.: Går i same fella som inn mot 1., og justerar mot vegetasjon heller enn å gi f... i denne, og stole på kurvebiletet.

11. - 12.: Eg les dei tjukke nord-sør-strekane like aust for posten som ein traktorveg, samstundes som eg inn mot posten overser skrentane vest for posten. Dermed drar eg opp mellom dei skrentane eg ser i terrenget, og skjønner inkje når eg kjem opp...

12. - mål: OK
Vis kommentarer (0)
 
bedriftsløp VBIK Bergen (17.08.2022)