Fjord-O dag 4 (17.07.2022)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Vangen aust
Arrangør: IL Veten
Eg følte at det gjekk treigt, men ut frå kven eg har bak meg på resultatlista, ser eg ingen grunn til å klage over dagens løp. Samanlagt 10.plass i NVG/Fjord-O må også kunne definerast som heilt OK, ut frå korleis det siste halvåret har vore...

Start - 1.: Liten sleiv på posten, der eg ikkje har lese postbeskrivelsen :-( Sløvt, men det bidrar til skjerping vidare i løypa...

1. - 2.: Vurderar venstre, men er rimeleg sikker på at eg veljer rett. Posten ligg høgare oppe enn der eg forventar å finne han.

2. - 6.: OK

6. - 7.: OK, men får ein kvist på høgre auge like før posten, veldig ondt med det same, men etter masse blinking og tårer blir det etter kvar betre (RaudeKrosskaren eg var hos etter løpet konkluderte med at det var OK, sjølv om det var noko raudfarge å sjå...).

7. - 8.: Kjem litt for langt til venstre over ryggen etter stormyra.

8. - 9.: Eg finn ikkje posten der eg meiner han skal vere, og er veldig forvirra, men til slutt ser eg posten 20 meter lengre unna vegetasjonsgrensa. Det er eitt eller anna som er "rart" med kartet her. F.ø. er skogen her "silkeskog".

9. - mål: OK
Vis kommentarer (0)
 
Fjord-O dag 4 (17.07.2022)