Fjord-O dag 2 (14.07.2022)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Blindheimsfjellet
Arrangør: Emblem IL
Skrekkeleg tung i steget, og konklusjonen er at kroppen pr. no ikkje er i stand til 2 løp på 18 timar, med mellomliggande fysisk arbeid (her startrigging og startorganisering). Eg er nok enno ikkje 100%, nei...

Start - 4.: OK

4. - 5.: Eg trur eg veljer rett, men her forteljer kroppen verkeleg at han ikkje likar kva eg driv på med, og det går frykteleg treigt bortover stien vestover mot Turheisa. Det kan evt. ligge eit betre vegval til venstre for streken?

5. - 6.: Bommar med 3 minutt her, eg får det for meg at eg er kome for høgt, og i staden for å fortsetje rett fram når eg kjem til kanten, drar eg ned ryggen til høgre, i den tru at eg skal sjå posten til venstre for meg. Det gjer eg ikkje...

6. - 7.: Har eigentleg tenkt venstre, men finn ingen god trasé i einerjungelen ned bratta, og kjem ned på første sti lengre til høgre enn tenkt. Då tek eg i staden høgre.

7. - 8.: OK

8. - 9.: Litt nølande bortover her...

9. - 10.: OK

10. - 11.: Eg har eigentleg tenkt å skrå mot høgre, men følger i staden det etter kvart meir og meir gjørmete tråkket rett ned til stien.

11. - 12.: OK

12. - 13.: Her overser eg stupet som ligg i vegetasjonsgrensa, og må når eg brått oppdagar dette korrigere til eit vegval som nok er vesentleg langsamare enn å ligge til venstre inne i planteskogen.

13. - 14.: Første del av strekket er berre gjørme, men eg har etter kvart grei kontroll.

14. - 15.: Kjem på feil tråkk på første del av strekket, men korrigerar greitt.

15. - mål: Sliten...

Vis kommentarer (0)
 
Fjord-O dag 2 (14.07.2022)