bedriftsløp VBIK Bergen (01.06.2022)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Moldalia
Arrangør: Bergen kommune BIL
Arrangøren sleit med både datateknikk og postkodar, og det kunngjerast no i kveld at det ikkje kjem korkje resultatliste eller strekktider, og då blir det litt vanskeleg å analysere, men:

Start - 4 : OK

4 - 5 : Etter ein litan sving, kjem eg til post med feil kode. Eg sjekkar rundt meg, diskuterar med eit par andre frå både A og B, og konkluderar rimeleg kjapt med at vi er på rett stad, og foreslår at vi stemplar og løper vidare.

5 - 6 : Beste vegval er nok å følge vegen lengre, og dra rett opp myra til posten.

6 - 7 : Her les eg masse grønt til venstre (herunder det som faktisk er opa myr), og veljer å løpe høgre via gult område, som eg har gløymd i dette terrenget er i stor grad uløpbart tuegras... Heilt feil vegval...

7 - 8 : Rett inn i brannområdet frå tidlegare i år, beste trasé er nok eit knepp til venstre.

8 - 9 : OK

9 - 10 : Her finn eg ingen god trasé bortiver lia, og eg trur det kan vere betre å ligge noko høgare?

10 - 11 : Planen er å runde litt meir til venstre i starten, men eg finn noko som liknar på eit tråkk over haugen. Eg trur vegvalet er OK.

11 - 12 : OK

12 - 13 : Beste vegval på første del av strekket er nok høgre på sti. Rett ned ser OK ut med det same, men brannområdet sluttar nede i lia her, og eg rotar meg inn i jungelbrake, der heldigvis også andre har vore, og brekt ned noko av dei mest hissige motstandarane.

13 - 14 : OK

14 - 15 : Her får eg ikkje kartet til å stemme, ned mot elva ligg eg delvis på ein sti. Elva er overraskande grei å krysse, men i staden for å dra nokre meter til venstre på vegen etter elva, kryssar eg rett over og rotar meg inn i noko brakejungel.

15 - 16 : OK

16 - 17 : Postringen skjuler alt for mykje her, men eg trur uansett at detaljen er stidele, og dundrar rett forbi, før eg stoppar og finles kartet.

17 - mål : OK, og deretter rett i elva for å vaske vekk sot...



Vis kommentarer (0)
 
bedriftsløp VBIK Bergen (01.06.2022)