HOK-ranking (29.05.2022)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Gjetingsdalen
Arrangør: Odda OL
Har aldri vore god i ruskete og bratt terreng, og ei heller i dag, men eg slo i alle fall Leif Hovden :-)

Start - 1 : OK, etter å ha pusta ut i nokre minutt etter 350 (!) høgdemeter til start (oppgitt til 280 høgdemeter i PM, ikkje anna å vente enn at nokre kom for seint til start...)

1 - 2 : Prøver å finne ein nokon lunde løpbar trase bortover lia, men rotar meg bort i overkant mykje steinbotn, Er nølande inn mot posten, der det er fleire tydelege steinar som manglar på kartet.

2 - 4 : OK

4 - 5 : Opprinneleg plan er å ligge lengre til høgre på første del av strekket, men eg lar meg presse ned av vegetasjon og smågrums i botn. Tapar elles noko tid på dårleg val av kryssingsstad av elva tidleg på strekket. Her går det halvminuttet på 10 meter...

5 - 6 : Eg trur eg finn den perfekte inngangen via sti, men det var langt betre å dra tidlegare ned.

6 - 7 : Er veldig forsiktig nedover her, og tapar mykje tid...

7 - 8 : Finn ingen god trase bortover lia, og slit nok ein gong med elvepassering...

8 - 9 : Er sliten og ukonsentrert, og går på dagens postbom.

9 - 10 : Ønskjer meg over på andre sida av gjerdet, men vurderer dette som alt anna enn passerbart...

Vis kommentarer (0)
 
HOK-ranking (29.05.2022)