bedriftsløp VBIK Bergen (23.05.2022)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Fløien
Arrangør: Skogselskapet BIL
Tanken var eigentleg å løpe A, men eg var grusomt tung i steget opp frå Starefossen, og når det var drittver, og samstundes tilbod om større målestokk i B-løypa, tok eg den.
Grei gjennomkøyring, 5.plass i løypa totalt, men ingen strekkplasseringar betre enn 6.plass, tilseier at valet var heilt greitt. A-løypa hadde blitt lang, våt, mørk og tung...

Start - 4 : OK

4 - 5 : Eg vurderar inngang både over haugen, rundt til venstre eller rundt til høgre, og saman med Tore Svein Nese veljer eg rundt til venstre, med den konklusjonen at det var feil. Mykje grums i lia aust for posten.

5 - 6 : Er veldig forsiktig ned frå posten, og det går heller ikkje fort på steinete sti, men elles OK.

6 - 7 : Eg vurderar stor venstresving på veg, men veljer ein meir rettpåvariant. Nede på myra før posten står eg plutseleg til magen i gjørme, og det tek litt tid å kome seg opp att...

7 - 8 : Snublar på veg inn mot posten, og tek mageplask i eit gjørmehol. Eg bergar heldigvis brillene, men alt anna er svart av gjørme. Heldigvis finn eg litt halvreint vatn like ved, slik at det er mogleg å få kartet lesbart att, utan at det er akkurat klinkande klart resten av løypa...

8 - mål : OK, og etter målstempling er det rett tilbake til bekken før mål for vask, slik at eg skal unngå å drukne sekretariatet i gjørme...
Vis kommentarer (0)
 
bedriftsløp VBIK Bergen (23.05.2022)