"publikumsløp" KM ultralang Hordaland (15.05.2022)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Totland/Livarden
Arrangør: Fana IL
Valde ei lengre løype enn eg har tatt sjansen på å prøve meg på før i år, og angra då eg såg strekket til 2., men då var valet tatt...

Tempoet var dårleg, men det var som venta.

Start - 1 : Litt overraskande med vegval direkte frå start, når det ikkje var startpost, men valet mitt er nok OK, sjølv om det var grumsete i det grøne i lia ned mot Nedre Fanaløype.

1 - 2 : Eg veljer å samle opp det meste av stigninga (totalt 140 m) i ein bolk på siste del av strekket, og trur ikkje eg hadde tent på å dra opp med det same.

2 - 3 : OK, sjølv om eg føler at posten skal ligge på ein skrent som ligg litt lengre oppe.

3 - 4 : OK

4 - 5 : Strekktidene tyder på at eg har løpt dårleg her, men hovudårsaken er nok at eg er forsiktigare enn vanleg utfor. Eg taper nok mest i siste bakken ned mot posten.

5 - 6 : Forbannar løypeleggaren som sender oss bratt oppover att, men elles OK.

6 - 7 : Blir litt avspora av ein tur-O-post som ved første augekast ser ut som min post, men elles OK.

7 - 10 : OK

10 - 11 : Beste vegval trur eg er enda lengre til venstre (inn på Fuksdalsvegen vest for Fuksdalsbekken)?

11 - Mål : Terreng som eg kan "utanat"...

Vis kommentarer (0)
 
"publikumsløp" KM ultralang Hordaland (15.05.2022)