pokalkamp Bergen (03.05.2022)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Gaupås
Arrangør: IL Gular
Første løp på over eit halvt år, etter ein vinter med trøbbel på fleire frontar. Det gjekk treigt, men godt å vere i gang :-)

Til 3. trur eg at eg drar unødvendig høgt.

Til 4. finnast det heilt sikkert meir løpbare variantar enn den eg finn på første del av strekket.

Eg likar ikkje skrentar som heng i lause lufta, og til 5. får eg ikkje tak på kartet, samstundes som eg ikkje med det same ser kraftlina som eigentleg gjer posten veldig enkel.

Til 7. gir eg frå meg alt for mykje høgde.

Til 10. ser eg inkje gult på kartet, samstundes som eg kjem ned gjennom opent område. Kartprinten har nok noko forbetringspotensiale, og så har eg aldri likt omvende gule bomberaster...

På siste ser eg ingen kolle på kartet.
Vis kommentarer (0)
 
pokalkamp Bergen (03.05.2022)