bedriftsløp natt (02.10.2019)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Mjåtveit Holsnøy
Labert tempo og ingen flyt, men heller ingen store flauser:

start-1.: Bakken opp frå nedre til øvre jorde såg heilt annleis ut enn kva eg hadde rekna med ut frå kartet.

2.-3.: Gløymer å sjekke kompasset inn mot posten, og rotar vekk 2 min. her.

3.-4.: Stussa veldig då eg på veg inn mot ringen kom inn på ein merka sti, men konkluderte med at stien måtte vere nyare enn kartet...

4.-5.: Møtte nok ein gong på ein merka sti som mangla på kartet...

6.-7.: Veljer ein dårleg trasé, og passerar deretter 5 meter på nedsida av posten utan å sjå han. Totalt går det nok med minst 2 min. på dette strekket.

8.-9.: Ser aldri gjerdet eg bestemmer meg for å løpe langs...

11.-12.: Får meg ein skikkeleg smell ved passering/klatring av eit vindfall, halvvegs over knekk greina eg held meg i, og eg fell rett ned...

13.-14.: Planen er høgre via sti, men eg kjem inn på ein annan sti som eg i staden følgjer på første del av strekket. Sklir då eg kryssar steingarden, og skaffar meg fleire slag- og skrubbsår...

17.-18.: På veg inn i ringen står eg brått til magen i vatn, utan at eg ser noko anna rundt meg enn gras og tuer...

18.-19.: Venstre på sti er nok kjappast, eg går meg fast i litt av kvart på rettpåvarianten, samstundes som eg skjønner null og niks av kartet rundt siste.
Vis kommentarer (0)
 
bedriftsløp natt (02.10.2019)