bedriftsløp (18.09.2019)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Hordnesmarka
Eg slo dei eg skal slå, om enn med litt smårusk:

1.: Ein litan sving innom feil sti tidleg på strekket.
2.: Mistar kontakt med stisystemet litt over midtvegs på strekket, utan nokon gang å vere langt unna.
3.: Får ikkje kartet til å stemme der eg brekker av til høgre inn mot posten, og går på ein litan bom.
4.: Følgjer eit tråkk ned bratta, men tråkket går ikkje ned og ut til venstre der eg håpar...
6.: Eg vurderte venstre, men eg trur at varianten min er betre, men enno betre om eg ligg litt mindre til høgre forbi haugen før eg skal bratt ned til vegen?
9.: Veljer bevisst bort å løpe på veg, sjølv om det heilt sikkert er raskare enn den parallelle stien. Eg var på veg ut på jordet litt før midtvegs, då ei bjelle ringde og ba meg om å sjekke kartet. Det var nok fleire som løp over jordet her, og så opp stien aust for jordet :-(
Vis kommentarer (0)
 
bedriftsløp (18.09.2019)