Fjord-O, løp 3 (04.07.2026)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Hodlekve Sogndal
Arrangør: Sogndal IL
Var godt sliten allereie då eg kom opp til start, og følte at dette ikkje var dagen...

start - 1.: Drar på det eg maktar, og går rett i :-)

1. - 2.: OK

2. - 3.: Har alltid lært bort: "- Finn detaljen, ikkje sjå etter posten", og den regelen bryt eg her med glans. Eg ser den rette skrenten, men då eg ikkje ser posten (som i etterpåklokskap ligg nede i ei lita "dump" framom skrenten) fortsetjer eg oppover, før eg konkluderar med at det var jo rett skrent eg såg...

3. - 4.: Slit meg oppover her, medan eg mimrar tilbake til den gongen eg kunne løpe opp slike bakkar...

4. - 6.: OK, og godt nøgd med meg sjølv når eg ser foranstartande Bjørn-Inge og Jan H. framom meg, og tenkjer at det kanskje ikkje har gått så sakte likevel :-)

6. - 7.: OK, sjølv om posten ligg på feil side av høgdepunktet og kartet gir heilt feil inntrykk av korleis det ser ut rundt det litle vatnet.

7. - 8.: Ned lia forvekslar eg eit kvitt felt med eit grønt felt, og i den eine augneblinken stemmer alt, og i neste augneblink stemmer inkje. Samstundes kjenner eg meg dødssliten, og det svimlar i hovudet... Eg skjønner etter kvart kvar eg er, og nede på posten stoppar eg og lurar på om eg skal bryte eller gjennomføre.

8. - 9.: Eg konkluderar med at så lenge resten av løypa er utan tunge stigningar, kan eg like greitt fullføre, og drar på grov kurs vidare, diverre så grov og sløv kurs at eg er lengre til venstre enn eg trur eg er, og at eg finn det truleg mest grumsete underlaget i heile skrålia... Når eg kjem ned, blir eg fanga opp av ei brøytestikkmerka skiløype som eg først trur er stien, og eg trur jo at eg er til høgre for streken... Eg tek meg inn på eit "dobbelthøgdepunkt", og lurar nok ein gong på om eg skal gjennomføre eller bryte... Eg konkluderar med å gjennomføre, det er ikkje stor omveg å ta med seg post 9...

9. - mål: Slit meg til mål gjennom det som kjennast som verdas tyngste "flatmyr", og med ein kropp som kjennast utslitt og i total ustand frå botn til topp...

Vis kommentarer (0)
 
Fjord-O, løp 3 (04.07.2026)