Digitalt kartarkiv for Torgeir Strand
|
Logg inn
Alle brukere
|
Språk:
Norsk
Česky
Dansk
Deutsch
Eesti
English
Español
Français
Italiano
Magyar
Norsk
Polski
Português
Русский
Svenska
Türkçe
Український
|
DOMA 3.0.6
<< Tilbake
<< Portugal 4-dagars, løp 4 (17.02.2026)
pokalkamp 1 Bergen (14.04.2026)
Kategori:
Konkurranse
Kart/område:
Davanger Askøy
Arrangør:
Askøy OL
Resultat
Veldig usikker på formen valde eg å starte årets pokalkampsesong i H65- heller enn i H50-. Framdriftsmessig gjekk det greitt, men diverre la eg inn eit katastrofestrekk midtvegs, men då er det i alle fall stort forbetringspotensiale vidare...
start - 1.: Kjem litt til venstre, men likevel beste strekktid i klassa.
1. - 2.: Småstiane på Askøy er ikkje mykje å skryte av, men eg tek likevel av frå stien litt for tidleg.
2. - 3.: OK
3. - 4.: Sjølv om eg mistar stien sør for Gausfjelltjørna fleire gonger, vinn eg strekket, det var nok ikkje berre eg som sleit med denne stien...
4. - 5.: OK
5. - 6.: Her gjer eg det meste feil, på første del av strekket ligg eg til høgre for planlagt trasé og eg ligg også til høgre for der eg trur eg er (det er først når eg teiknar vegval etterpå eg forstår kva eg har gjort...). Når eg så kjem til den opne myra søraust for posten trur eg på mystisk vis at eg er på myra rett ved posten, og eg drar opp til venstre, der eg finn både skrent, søkk og myr som eg tenkjer passar, men utan post... Samstundes får eg ikkje det eg ser nord for meg til å stemme, og drar vidare oppover i tru/håp om å finne noko å lese meg inn på. Når eg så kjem opp på toppen av eit stup, trur eg at eg er ved stupet nord for der eg faktisk er, og drar nedover att i feil retning, men blir heldigvis fanga opp av ei dame frå Finnmark, som roper: "Her". Strekktidene er vanskelege å tolke her (det er mange som har slitt), men eg trur tidstapet er mellom 5 og 6 minutt...
6. - 8.: OK, samstundes som eg kjenner at løypa eg har vald er lang nok...
8. - 9.: Det er veldig uoversiktleg ned mot fylkesvegen, og eg kjem først ned i feil "myr".
9. - 10.: Nok ein gong strekkvinnar, men det kan ikkje vere pga tempo, men må vere fordi eg finn den gode traséen.
10. - mål: Må bruke litt balansekunst over demninga, som ikkje inviterar til spurtfart...
Vis kommentarer
Skjul kommentarer
(
0
)
Skriv ny kommentar
Navn:
E-post:
Lagre