treningsløp PWT (22.10.2025)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Creski maslinici
Arrangør: OOcup
Land: Kroatia
Olivenlundsteinrøysløp på Cres.

Ved første augekast ser terrenget "ondt" ut (fullt i stein), og eg spør arrangøren/startaren om han har nok kart i mellomløypa, noko han har, og eg byttar der og då frå lang til mellom, eigentleg ei løype meint for H70-, men eg reknar uansett med å bli knust av stjerner som Tom A. Karlsen, Harald Hovi og Jon Kaarby.

Etter nokre meter konkluderar eg med at terrenget ikkje er snillare enn eg trudde, og at det her handlar om å vere varsam og unngå skade (eg møtte f.ø. dagens første skade (brekt arm) allereie på veg til start...), og at eg ikkje skal forsøke å leggje inn noko meir enn "pen joggefart" der det er sånn nokon lunde, og elles gåfart.

Eg slit med å forstå kartet og kartteiknbruken ut frå start, men ettertida viser at eg forsto meir enn dei fleste, eg vinn faktisk førstestrekket, etter å ha kryssa meir enn 5 steingardar, som her er teikna som prikka strekar med "litt meir stein enn elles i terrenget"...

Største tidstap er ut frå 9., der eg først står fast i eit gjerde, og deretter går meg fast i ein steinmur som viser seg å vere uforserbar...

Det blir ein totalt uventa løypesiger, Tom A. løper løypa i feil retning, Harald Hovi dummar seg ut til 8. og Jon Kaarby dummar seg ut til 9.

Etter løpet blei det rett ned til Adriatarhavet, av med sko og tøy, og uti :-)
Vis kommentarer (0)
 
treningsløp PWT (22.10.2025)