Ackov Kup, dag 2 (19.10.2025)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Kalnik
Arrangør: OK Vihor
Land: Kroatia
Erfaringane i det siste har vore at 2 løp på 2 dagar ikkje funkar, men eg ville prøve. Med mykje stigning til start, håpte eg på snill løype, med mykje "flat utforbakke".

Diverre blei det fleire heller bratte enn flate utforbakkar, men kroppen oppførte seg nokon lunde, sjølv om det var langt frå noko drøymeløype.

start - 2.: OK

2. - 3.: Veldig bratt ned frå 2., og eg brukar masse krefter på å bremse i laust løv med grums under... Inn mot 3. ligg eg for høgt, men forstår at eg har kome for langt, men det går over minuttet her :-(

3. - 4.: Nok ein gong bratt ned, og strategien blir å bremse og unngå skade, og stoppe når eg kjem til den tydelege stien. Denne viser seg å vere gøymd i lauv, og eg fortsetjer difor til neste sti, der eg brukar litt tid før eg forstår kva som har skjedd. Også her går det over minuttet :-(

4. - 8.: OK

8. - 9.: Slike strekk er berre fryktelege... Langt, enkelt og oppover...

9. - mål: Eg slit meg i mål, godt nøgd med at kroppen fungerte betre enn venta.
Vis kommentarer (0)
 
Ackov Kup, dag 2 (19.10.2025)