pokalkamp 8 Bergen (16.09.2025)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Smøråsen
Arrangør: Fana IL
Smøråsen er i utgangspunktet velkjend terreng, men det er sjeldan vi er på denne delen av åsen, og nede i skrålia mellom 2. og 3. har eg faktisk aldri tidlegare vore? Det går ikkje fort, men eg finn jo fram, og slår dei eg skal slå :-)

Uvanleg få startande i H50- i dag, og alle har gjort noko rart minst ein stad, slik at det er vanskeleg å analysere klart ut frå strekktidene, men eg er i alle fall den einaste utan "raude flekkar" i strekktidslista :-)

start - 1.: OK

1. - 2.: Beste vegval er nok meir rett på i starten, men eg trur ikkje traséen min er dårleg. Slit med å forstå kartet midtvegs, der ulike kartsymbol "drep" kvarandre. Hadde eg sett at stien eg kryssar litt over midtvegs fortsatte etter kraftlinja, hadde eg truleg vald inngang via denne, men det eg ser der og då, er at stien stoppar under kraftlinja, og då køyrer eg om lag rett på derifrå, i kamp mot både brake, tuer og nedfall, men føler likevel at traséen er grei ift alternativa. Inngang gjennom granskog og deretter under stupet til venstre forkastar eg pga frykt for helvete under kraftlinja.

2. - 3.: Vegvalet trur eg er OK, men inn mot posten trur eg at det opne området eg ser framom meg er myra, og kjem for langt til høgre, men eg tek meg greitt inn på vegetasjonsgrensa. Det går neppe meir enn halvminuttet her?

3. - 4.: Beste vegval er truleg meir rett på?

4. - 5.: Eg vurderar både venstre og høgre (via vegsvingen, og opp mellom dei 2 store stupa), men landar på venstre. Inn mot posten, i håplaus tung tuemyr, angrar eg på valet eg tok. Raskast er nok likevel om lag rett på, med inngang via sti frå høgre?

5. - 6.: Eg orkar ikkje tanken på å returnere over tuemyra, og drar høgre via skog, der eg finn ein OK trasé.

6. - mål: OK
Vis kommentarer (0)
 
pokalkamp 8 Bergen (16.09.2025)