bedriftsløp VBIK Bergen (04.09.2024)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Fløyen
Arrangør: Skogselskapet BIL
Bakken opp frå bussnuplassen ved Starefossen var uventa tung, og med tilbod om 1:5.000 i B-løypa (1:7.500 i A), valde eg den. Eit greitt val i dag :-)

start - 2.: OK

2. - 3.: Finn ingen god trasé bortover her. Det er mogleg det beste er å dra ned med det same?

3. - 5.: Vil helst ikkje velje vegval med mykje vegløping, men eg ser ikkje gode alternativ

5. - 6.: OK

6. - 7.: Er veldig i stuss i starten av strekket, når eg har lese at eg skal til eit høgdepunkt som eg ikkje finn på kartet, og brukar litt tid før eg startar løpinga på vegen. Deretter tek eg av vegen for tidleg, og får ein litan sving inn mot posten. Med optimal gjennomføring av dette strekket hadde det faktisk blitt klasseseier, men heller ikkje klassevinnaren har optimal gjennomføring her.

7. - 8.: Det er nok kjappare å løpe lengre på vegen, og inn til venstre der gjerdet sluttar. Eg vurderte også høgre via HGriegs veg, men trur det er treigare?

8. - mål: Blir parkert nedover her, men det er rett og slett fordi eg vil vere og er forsiktig.

Vis kommentarer (0)
 
bedriftsløp VBIK Bergen (04.09.2024)