OBOS 1-2-3 (27.08.2024)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Nordmarka Oslo
Arrangør: IL Koll
Logistikken gjekk ikkje heilt opp, det blei start ein time seinare enn tenkt i regn og tungt skydekke, og gubben hadde ikkje med lykt med leselys.

start - 1.: OK, men starten var nok lengre sør enn på kartet.

1. - 3.: OK, men tenkjer allereie her at det i dag kan bli trøbbel med å sjå skilnad på ulike strek...

3. - 4.: Kjem litt for langt til venstre mot ein litt "rar" post. Eg får ikkje tak på kvar skrenten eigentleg er...

4. - 5.: OK

5. - 6.: Får ikkje kartet til å stemme, men går greitt i posten...

6. - 7.: Strekktidene indikerar at eg har idealvegvalet.

7. - 8.: Skjønner lite bortover her, og posten kjem noko overraskande på, utan at eg ser snev av søkk der posten faktisk heng. Han heng kanskje litt for langt vest?

8. - 9.: OK

9. - 10.: Klarer å få til ein 10 sek. bom, sjølv om eg har vore på posten før, og no med inngang som bør vere kopi av utgangen...

10. - 11.: Slit med å sjå kva som er kva bortover her, kartet følast å vere i svart-kvitt. Eg meiner også der og då at posten ligg for langt sør, men når eg no teiknar vegval, trur eg at posten ligg rett, og at det er det grøne på kartet som forvirrar, og som ikkje stemmer med det vi ser i terrenget. Mistar eit minutt her, men er fortsatt merkeleg nok på 2. plass i klassa.

11. - 12.: Virrar vidare i skumringslyset, søler bort 2 minutt, og 2. plassen i klassa er borte vekk...

12. - 13.: Nok ein post eg har vore på før, og no har eg kontroll :-)

13. - 14.: Nytt "slitestrekk", beste variant er nok høgre via veg.

14. - mål: OK

Vis kommentarer (0)
 
OBOS 1-2-3 (27.08.2024)