treningsløp Emblem (20.08.2024)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Veddemarka
Arrangør: Emblem IL
Veddemarka blir aldri noko favoritterreng, og dagens strategi var å løpe mest mogleg på sti, sjølv om mange av stiane er både og.

start - 1.: OK

1. - 2.: Veldig nølande, og får ikkje tak på kurvebiletet.

2. - 3.: Meiner eg veljer riktig her, men når eg aust for Gjølevatnet stoppar for å registrere StikkUt-kode, for så å kome på at eg korkje har med mobiltelefon eller noko å skrive med, og eg ikkje klarer å kome på ein hugseregel for koden, kan det kanskje lesast som om eg ikkje var heilt påskrudd til vidare O-verksemd i dag, etter 4 foregåande timar med EM-stafett?

3. - 4.: Er lojal mot strategien "mest mogleg på sti"...

4. - 5.: Katastrofestrekk... Der eg skal kutte mellom 2 stiar, treff eg på eit tråkk som eg oppfattar til å gå i nokon lunde korrekt retning, og eg legg i veg langs dette. Etter kvart veks mistanken om at eg ikkje er på den stien eg hadde tenkt, men håplaust at det tek så lang tid før eg konkluderar med at den mistanken faktisk stemmer, og at eg til og med er på feil side av Rotevatnet. Uff...
Strekket blir ikkje betre av at eg løper for langt på stien, etter om sider å ha funne den rette...
I alle fall 5 min. tidstap her, tenkjer eg :-(

5. - 6.: Finn ingen god trasé på første del av strekket.

6. - 7.: OK, sjølv om posten ikkje ligg i sadelen.

7. - mål: Løper på feil side av skulen, mål er ikkje midt i ringen, men i høgre kant, noko eg burde ha hugsa, eg såg jo målposten før eg starta...

Vis kommentarer (0)
 
treningsløp Emblem (20.08.2024)