WMOC mellomdistanse (07.08.2024)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Palomäki
Arrangør: Paimion Rasti
Land: Finland
Målsetjinga ved start var plassering i beste tredjedel, eg klarar det nesten, med å bli nr. 29 av 80 startande. Utan rotet på 7. kunne det ha blitt 22. plass.

4:14 frå å løpe meg opp til A-finale i langdistansen. Heilt greitt at eg blei i B :-)

start - 1.: Litan sleiv inn mot posten, men ikkje snakk om mange sekund.

1. - 2.: Finske myrer er ikkje som vestlandske, men eg styrer meg greitt inn.

2. - 3.: Litt for langt til venstre, men skjønner kvar eg er.

3. - 4.: Usikker bortover her, men går heldigvis rett i.

5. - 6.: Hjelpekurver gjer at haugen ser verre ut enn det han faktisk er, og rett på er korrekt løysing.

6. - 7.: Finn ingen god trasé, og slit med glatte berg før eg går meg vill i det grøne, og i staden for med det same å dra rett ut til det gule for å ta meg inn, prøver å finne posten (eg trur jo eg er på rett stad...). Her går det nok med eit par minutt :-(

7. - 9.: Det er kø i passasjane både opp til og ned frå 8. Vanskeleg å forstå kvifor løypa er lagt slik, når deltakarane er gamle, og passasjane opp og ned er så trange...

9. - 10.: Planen er å kutte ut til traktorvegen, men eg kjem i staden på eit tråkk som eg føler går i rett retning, og det stemmer...

10. - 11.: Rundar til venstre, men blir stoppa av sperreband der eg vil inn mot vegen og det gule... Rett på over haugen, utan sperreband i vegen, er nok nokre sekund kjappare.

Vis kommentarer (0)
 
WMOC mellomdistanse (07.08.2024)