WMOC skog kvalifisering (06.08.2024)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Lammasalho
Arrangør: Paimion Rasti
Land: Finland
Godt nøgd med meg sjølv ut frå korleis vårsesongen var, faktisk berre 1:08 frå plass i A-finalen!

Ut frå "Model Event" hadde eg venta heilt anna terreng enn det som møtte oss ut frå start, med ein god del hogstnedfall og grums i botnen, men strekktidene tilseier at eg takla det rimeleg greitt.

1. - 2.: Beste trasé ligg nok eit par knepp til høgre.

2. - 3.: Usikker midtvegs, men tek meg inn utan stort tidstap.

4. - 5.: Bremsar opp når eg føler at eg har kome langt nok, og ser heldigvis posten til venstre for meg :-)

8. - 9.: Trang inngang til og utgang frå 8., og får smelt ei grein i trynet når eg prøver å vere høflig og slippe fram ei dame... Deretter veljer eg feil, finn ingen god trasé bortover lia, og er så usikker når eg endeleg møter slepet at eg drar ned for sjekk av kvar eg er... Med optimal gjennomføring her hadde det blitt A-finale...

9. - 10.: Sliten, og inn mot posten forstår eg lite av fargebruken på kartet, men går heldigvis rett i...
Vis kommentarer (0)
 
WMOC skog kvalifisering (06.08.2024)