Fjord-O løp 2/4 (04.07.2024)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Livarden
Arrangør: Fana IL
Sjølv om Lingafar slo tilbake i dag, er gubben strålande nøgd med at kroppen fungerte for andre dag på rad, og at det til og med gjorde mindre ondt i dag enn i går :-)

start - 1.: Tuete og ekkelt bortover her, og burde nok ha fulgt stien lengre før eg tok av mot venstre.

1. - 2.: Tungt opp her også, ja...

2. - 3.: Beste trasé må vere lengre til venstre. Eg veit kvar eg er oppover mot posten, men rundar for å spare ein sliten kropp for klatring.

3. - 4.: Endeleg nedover, og så er det nok kjappare med rett på enn å dra bortom stien.

4. - 5.: Finn ingen god trasé her.

5. - 6.: Forkastar høgre, og trur eg finn den rette traséen via Øvre Fanaløype.

6. - 7.: OK

7. - 8.: Vurderar også rett på, men strekktidene tyder på at valet mitt er OK.

8. - mål: OK, og blir ropt i mål av speaker som leiar i klassen, utan at speaker legg til at eg også var den første på startlista.

Godt nøgd med 5.plass i H65- i enkel "løpeløype" :-) , når vårsesongen har vore slik han har vore, og enda meir nøgd med at eg når eg skriv dette nokre timar etter løpet, ikkje har særleg ondt i korkje høgre kne eller venstre lyske :-)
Vis kommentarer (0)
 
Fjord-O løp 2/4 (04.07.2024)