nattcup Bergen (02/11/2022)
Category: Konkurranse
Map/area: Åstveitskogen
Organiser: TIF Viking
Målet i kveld var å kome meg rundt utan tilsvarande katastrofer som i førre nattcupløp, og det gjekk greitt :-) Kanskje eg til og med skal seie meg godt nøgd med å vere den einaste utan "raude strekk" i strekktidlista i WinSplits, sjølv om det eg gjer til 2. langt frå er optimalt?

start - 1.: OK, sjølv om eg finn den verste kristtorntraséen inn til posten.

1. - 2.: Forkastar både rett på og stor høgresving, og veljer venstre, men veldig i tvil om kor stor venstre. Eg trur første del er OK, men at eg skal klatre rett på på siste del av strekket. Dagens største bom kjem inn mot posten, der eg utan at eg i ettertid kan forklare kvifor, drar nordvestover frå stikrysset sørvest for posten...

2. - 3.: Finn ingen god trasé ned til posten.

3. - 5.: OK

5. - 6.: Kastar bort tid på å lese kart bortover her. Her er det berre å kome seg på grovkurs bort til myra aust for vatnet, og så starte kartlesinga...

6. - 14.: OK

14. - 15.: Går meg fast i kristtornlianer, og kjem for lavt...

15. - mål: OK

Show comments (0)
 
nattcup Bergen (02/11/2022)