treningsløp Emblem IL (24.08.2021)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Akslaseter
Arrangør: Emblem IL
Post 2 var ikkje der eg meinte han skulle vere, og etter litt søking og drøfting med andre som kom til, dro eg etter nokre minutt eit "trinn" opp i lia, og der var han. Eg følte ikkje at kartet var 100%, og etter litt drøfting med ein lokal ringrev som også hadde vore på leiting og blei med meg på "trinnet" opp, lot vi posten stå. Vi burde nok ha flytta han ned, slik ein seinare løpar gjorde...

Ut av post 2 var det veldig langt før det virka naturleg å svinge til høgre. Kanskje låg post 2 så langt vest som ved spørsmålsteiknet?

Inn mot post 5 blir eg lurt av eit tydeleg høgdepunkt som ikkje står på kartet, eller som evt. er gøymd under løypetrykken. Myra eg ser rett under meg er ikkje den opne myra i ringen, men ei myr som er skjult under løypetrykken...
Vis kommentarer (0)
 
treningsløp Emblem IL (24.08.2021)