nattcupløp (2017-10-18)
Típus: Konkurranse
Térkép/terület: Totland
Gjorde eit realt møkkaløp, som starta med tryning i gjørmehol 20 meter etter start. Alt var svart av gjørme, men eg fekk vaska både meg og kartet så pass at det gjekk rimeleg bra heilt til 7., sjølv om eg sto solid fast i nedfall ut frå 4.

Til 8. går eg meg fast i nedfall der eg trur det skal vere ei opning, og rotar vekk mykje tid på det.

Til 9. sviktar konsentrasjonen, og nye minutt forsvinn.

Til 11. går eg meg nok ein gong fast i nedfall, og gløymer kompasset når eg skal vidare opp det svake myrsøkket. Her ballar minutta verkeleg på seg...

Totalt tidstap er meir enn 10 minutt :-(
Hozzászólások mutatása (0)
 
nattcupløp (2017-10-18)