bedriftsløp natt (2017-10-04)
Categoría: Konkurranse
Mapa/área: Storetveit/Fantoft
Sleipt og vått, samt kart som ikkje stemte heilt med terrenget. Eg har enno ikkje fått strekktider, og veit heller ikkje kor lang tid eg brukte totalt.

Mellom 3. og 4. er det heilt anna markslag enn lenger sør på marken. Eg er usikker på korleis det ser ut i dagslys, men "fin gul mark" er det i alle fall ikkje...

Eg meiner eg ut frå det som framgår av kartet veljer rett vegval til 5., men det er så sleipt opp frå vegen, at eg ikkje kjem meg opp. Eg sklir berre ned att, før eg etter litt ser eit tau som eg får brukt til å klatre opp med. Eg er redd det går nokre minutt her, men utan strekktider veit eg ikkje heilt.

Til 13. tek eg etter erfaringa til 5. ikkje sjansen på rett på, og drar via studentbyen på Nattland. Stien opp frå Slettebakken er ikkje lenger der kartet seier at han er (stien har flytta seg pga nedfall), men det var framkommeleg der han er teikna.

Ned frå 14. til 15. sklir eg på rumpa nedover, utan både bremser og styring, men kjem heilskinna ned. Det var truleg ein betre trasé litt lengre til venstre?

Ut frå 15. er sti til venstre raskare enn å dra ned att der eg kom frå.

Rundt 16. er kartet dårleg synfart. Her er det mange kurver som manglar. Den store stien såg eg aldri.

Inn mot 17. skal eg runde pent rundt kollen til venstre, men vest for denne er det både stup og gjerde som manglar på kartet. Eg snur til slutt tilbake og tek posten frå høgresida, der det var mogleg å kome seg opp.
Show comments (0)
 
bedriftsløp natt (2017-10-04)