bedriftsløp VBIK Bergen (18.05.2022)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Totland/Livarden
Arrangør: Fana IL
Ut frå korleis året så langt har vore, kan eg vanskeleg gjere anna enn å seie meg strålande nøgd med meg sjølv i dag. Tilbake i A-løypa, og direkte inn på øvste halvdel :-)

Start - 1 : OK

1 - 2 : Det er moglegvis kjappare å dra over åsen enn (som eg gjer) å dra ned i Nedre Fanaløype?

2 - 3 : Strekktidene forteljer at eg ikkje har løpt optimalt her, men eg er usikker på kvar den kjappare varianten er?

3 - 10 : OK

10 - 11 : Finn ingen god trase ned til posten, der eg fleire stader står fast i vegetasjon, samstundes som eg les den utydelege stien som ei skrentrekke... Strekktidplasseringa er likevel god, så det er fleire enn meg som har slitt her.

11 - 12 : OK

12 - 13 : Inn mot posten føler eg at eg ligg for langt til høgre, men akkurat då eg skal korrigere, ser eg ein skjerm foran meg, og fortsetjer til denne posten, som har feil kode. Då ser eg på kartet, og korrigerar tilbake.

13 - mål : OK



Vis kommentarer (0)
 
bedriftsløp VBIK Bergen (18.05.2022)