pokalkamp Bergen (10.05.2022)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Alvøen
Arrangør: Årstad IL
Hadde inkje stort løp i dag, men på plusskontoen må skrivast at det virkar som om kroppen no tåler å løpe, og så handlar det i så fall om å bygge opp litt løpsform for å kome vidare, men i dag svikta det også på det o-tekniske;

Start - 1 : OK

1 - 2 : Fann litt mykje nedfall, der var nok betre langs streken...

2 - 3 : Tok av frå lysløypa for tidleg...

3 - 4 : Her løper eg elendig, og lar meg fange opp av ein sti som gjekk i tilsynelatande korrekt retning, men som eg skulle ha oversett. Eg skulle ha følgd plan A, som handla om å kome meg opp i lysløypa...

4 - 5 : Her trur eg at eg følger stien til venstre, men alt eg møter er nedfall og nedfall, og når eg då i tillegg rotar meg bort i eit nytt nedfall inn mot posten, er det rettmessig at Håkon Mogstad spør etterpå kva det eigentleg var eg dreiv på med her...

5 - 6 : Nok ein gong finn eg nedfall på min veg...

6 - 7 : Endeleg eit OK strekk :-)

7 - 8 : Opp bakken les eg resten av løypa. Inn mot posten er det meir kronglete enn eg hadde rekna med.

8 - 9 : Lei som eg var av nedfall, hadde eg bestemt meg for å løpe rett ned på lysløypa. Inn mot posten følger eg dårleg med, løper for langt, og må over ein haug ekstra. Nok ein gong lurte Håkon på kva eg dreiv på med...

9 - 10 : Brukar første del av strekket til å reparere kompassnora, som rauk då eg sto fast i nedfall inn mot 9.

10 - 11 : Eg bestemte meg for høgre på veg mot 8., og er skuffa når eg ser at Håkon, som eg har latt ligge framom meg til 10., også tek høgre. Eg passerar han på "kutten" før vi kjem inn på vegen, og ligg deretter foran.

11 - mål : OK
Vis kommentarer (0)
 
pokalkamp Bergen (10.05.2022)