Kompetansenatta (30.10.2021)
Kategorie: Konkurranse
Karte/Gebiet: Haakenstua
Veranstalter: NOF
1.-2.: Litt for mykje sikksakk i starten, men vegetasjonen stemmer dårleg...

2.-3.: Les kartet, noko som kun skapar forvirring når vesentlege detaljar manglar. Her er løysinga å løpe på retning...

3.-4.: Møter eit Halloweentog frå det lokale Barnas Turlag midtvegs, og mistar stikrysset der eg skal opp ei etasje. Inn mot posten er stien diffus, og eg blir "fanga opp" av ein refleks på "krysset" sørvest for posten.

5.-6.: Møter mange forsøk (frå Barnas Turlag?) på å skremme meg på stien langs Svarttjern.

7.-8.: Stoppar for å lese kartet, og konkluderar med at gjerdet etter fotballbana er passerbart. Når eg kjem fram til gjerdet konkluderar eg etter 2 forsøk på å kome over, at det er det ikkje for ein kortbeint H60-... Heller enn å leite vidare i mørket etter ein mogleg kryssingsstad, løper eg i staden tilbake til porten eg hadde brukt tidlegare i løpet.
Kommentare zeigen (0)
 
Kompetansenatta (30.10.2021)