Fjellgeita (26/09/2021)
Категория: Konkurranse
Карта/область: Emlemsfjellet
Организатор: Emblem IL
Er som utgangspunkt ingen fellesstartløpar, men er greitt nøgd med meg sjølv i dag.

Opna alt for hardt, men skjønte at dei veteranane eg hadde rundt meg på dei første strekka var i den same båten, og at det ikkje berre var eg som sleit med den harde opninga.

Ut frå 2. løp eg berre etter Audun Aarøen, som følgde ein merkt sti som eg ikkje trur er den stien som står på kartet. Retninga han løp, passa godt med kvar eg hadde tenkt å krysse åsryggen :-)

Dei kjappe løp etter kvart frå meg, medan dei andre veteranane som var rundt meg og som også hadde opna for hardt, blei hengande etter. Eg løp i praksis åleine frå 5. og inn, bortsett frå at eg plukka opp ein avhengt ungdom inn mot 8.

På slutten var eg nær ved å gløyme siste post, men eg fekk heldigvis plukka han med meg.
Показать комментарии (0)
 
Fjellgeita (26/09/2021)