pokalkamp Bergen (2021-09-07)
Típus: Konkurranse
Térkép/terület: Raunåsen
Rendező: TIF Viking
Dagens korte oppsummering er at orienteringsløp er kjekkast når eg ser kva eg driv på med...

Start - 1.: Slit med dogg og vatn på alle overflater, og får aldri skikkeleg kontakt med korkje kart eller terreng...

1. - 3.: Gjennomfører greitt her, sett i lys (eller mørke...) av kva eg ser og ikkje ser...

3. - 4.: Held høgde bortover skrålia, men blir stoppa av nedfall, som eg ikkje ser nokon veg gjennom. Uforståeleg at kartet er kvitt her, med berre ein liten flekk med grønstriper. Både kartet og det som kunne observerast opp mot 1., tilseier at dette er beste vegval.

4. - 5.: Har alt anna enn stålkontroll under vegs på strekket, og får aldri taket på den linja eg etter kvart prøver å følge. 100 meter før posten snublar eg over noko der det kjem så mange på tvers, at eg må spørje ein av dei om det eg har snubla over er ein sti...

5. - 6.: Virringa fortsetjer...

6. - 9.: Eg stoppar midtvegs på strekket mot 7., spør meg sjølv om eg ut frå erfaringane mellom 3. og 4. faktisk vil bort i ei bratt mørkegrøn skråli i famling etter ein post i doggen og mørket, og konkluderar med at det vil eg ikkje, og at eg heller vil følge stien ned mot mål, og kome heil og uskadd fram dit. Når eg då slit med både å finne og følge denne stien, konkluderar eg med at valet om å oversjå postane 7 og 8 er korrekt. At eg på 6.post, før eg mistar lysta til å fullføre, har ei passeringstid som faktisk er foran både Tommy Sævareid, Owen Jarvis og Gernot Doppelhofer, er så utruleg at tanken på at noko slikt faktisk kan vere tilfelle ikkje på noko tidspunkt fell meg inn... Hadde eg visst det, hadde det kanskje skaffa meg motivasjon til likevel å rote meg borti den mørkegrøne skrålia...

Hozzászólások mutatása (0)
 
pokalkamp Bergen (2021-09-07)