Gular jubileumsløp, dag 2 (2021-08-29)
Categoria: Konkurranse
Nome della mappa: Baståsen Nordhordland
Organizzatore: IL Gular
Betre nøgd med dagens løp enn med gårsdagens, og slår også dei som slo meg dagen før :-)

Til 2. vurderar eg å løpe tilbake til stien, og ta stor venstresving på første del av strekket. Usikker på kva som er kjappast av den løysinga, og den meir rettpåvarianten eg veljer.

Til 5. skjønner eg ikkje kartet, når eg plutseleg kjem ut i eit heilt ope område, men eg gjettar likevel rett på kvar eg er, og plukkar opp fleire løparar før posten.

Til 6. har eg neppe optimalt vegval, men eg er usikker på kvar den kjappaste varianten er. Det er truleg mogleg å passere midt på det store stupet like før posten, og då kan nok eit minutt sparast der? Ut frå 5. går eg meg først fast i undervegetasjonsjungel, og deretter står eg i vatn til brystet når eg hoppar ut i bekken før stien.

Til 7. finn eg ingen god trasé over den opne myra, og 2 meter før eg er over, plumpar eg ut i eit hol overdekt av grønt gras...

Inn mot 8. manglar ei vegetasjonsgrense, og vidare til mål er eg halvvegs før eg oppdagar at det er merka løype...
Visualizza commenti (0)
 
Gular jubileumsløp, dag 2 (2021-08-29)