nattcup 1 Bergen (2020-10-14)
Kategori: Konkurranse
Karta/område: Åstveitskogen
Arrangör: TIF Viking
Målsetjinga var å kome uskadd og stødig, om enn treigt, gjennom haustens første nattcupløp.

"Uskadd, om enn treigt" blei oppfylt, "stødig" var det verre med, eg starta med å lese kartet feil allereie til 1., der eg les dei svarte strekane inn mot posten frå venstre som veg og sti, men må revidere vegvalet når eit stup tårnar seg opp foran meg...
Andre stader ser eg berre svart grums på kartet, men fleire av dei ekstra svingane skal eg likevel greitt sjølv ta ansvaret for.
Midtvegs til 4. bestemmer eg meg for å teste eit "nytt" vegval langs streken. Eg rekna med at det var dårlegare enn rundt på veg/sti, og det var det...
Visa kommentarer (0)
 
nattcup 1 Bergen (2020-10-14)