Portugal 4-dagers, løp 4 (2020-02-25)
Kategooria: Konkurranse
Kaart/piirkond: Paiol - Sines
I stor grad det same terrenget som dagen før, og beina er veldig slitne ut frå start.
Inn mot 6. skjønner eg null og niks av vegetasjonsgrensene, og går på månadens største bom. Ut frå 6. går eg meg fast i tett undervegetasjon der kartet viser at det skal vere heilt OK, men ut frå strekktidene er det andre som slit med det same. Til 8. slit eg med å kome over eit piggtrådgjerde som er der det ikkje skal vere, men nok ein gong viser strekktidene at andre slit med det same. Til 15. er venstre kjappare enn min høgresving, der eg bl.a. må rundt eitt i praksis ikkje passerbart piggtrådgjerde.
Totalt greitt nøgd med meg sjølv, eg plukka totalt om lag like mange poeng som i fjor, sjølv om årets terreng passa meg dårlegare enn fjorårets sanddyneterreng. Under 10 min/km i alle 4 løpa, og i beste halvpart i alle skogsløpa :-)
Kuva kommentaarid (0)
 
Portugal 4-dagers, løp 4 (2020-02-25)