KM natt (04-10-2019)
Kategori: Konkurranse
Kort/område: Eikanger
Fortsatt forslått etter onsdagens nattløp på Holsnøy, valde eg A-open fredagskvelden på Eikanger.

Til 1. (fellesstart) følgde eg ryggen til Trond Døskeland fram til steingarden, før eg sjølv starta å lese kart. Vidare orienterte eg sjølv.

Ut frå 1. ser eg ikkje at eg skal følge stien, og klatrar i staden over steingarden.

Ut frå 7. er det feil å velje høgre via jorde (som i følge PM var lov til å løpe på). Gjerdet har piggtråd, og tek alt for lang tid å krysse.

Til 10. løper eg for langt på traktorvegen, og brukar litt tid på å skjønne kva eg har gjort.

Til 16. er det feil å velje høgre via jorde (nok ein gong pga piggtråd som tek for lang tid å krysse).
Vis kommentarer (0)
 
KM natt (04-10-2019)