pokalkamp 6 (10/09/2019)
Kategori: Konkurranse
Harita/bölge: Landåsfjellet/Sædalen
I høve 60-årsdagen hadde løypeleggar Jørn Torgersen fiksa eit spesialprinta kart i 1:6.000 til meg, som eg las greitt :-)

Eg navigerte også nokon lunde greitt, heilt til eg ut frå 6.post blei nådd att av etterpåstartande bursdagsborn Tom E. Eikanger, ein kar som normalt er stødig nok til at han berre er å bli med så lenge tempoet held, og eg tenkte då at det var greitt å bli med til 7., før eg lot han løpe frå meg. Eg blei med, men på dagens bom, der det gjekk mellom 3 og 4 minutt. I følge Tom er moralen openberr, og eg skal ikkje protestere på det...

Til 2. er nok rett på betre enn mitt forsøk på å runde.

Til 5. trur eg at høgre på sti er raskast?

Ut frå 7. er eg fortsatt forvirra etter rundturen inn mot posten.

Til 9. er rett på truleg betre enn mitt forsøk på å styre via sti?
Yorumlari göster (0)
 
pokalkamp 6 (10/09/2019)