O-ringen, dag 2 (23-07-2019)
Kategori: Konkurranse
Kort/område: Finspång, Kolmården
Fekk ein sving inn mot 5., då eg kom til eit søkk som var veldig tydeleg i terrenget, men umogleg å finne på kartet (gøymd under postringen).

Usikker inn mot 9., der eg ser masse skrentar, men utan å finne desse på kartet. Drar til slutt ned til vegen for å ta posten frå nedsida. Ut frå 9. er eg for ivrig, og drar skeivt når eg berre skal sprinte inn på neste veg, samstundes er det nok 2 alternative vegval som er betre.

Til 3. er det kanskje kjappare å løpe via det gule på første del av strekket?
Vis kommentarer (0)
 
O-ringen, dag 2 (23-07-2019)