bedriftsløp (2019-06-05)
Categoría: Konkurranse
Mapa/área: Hordnesmarka
Ikkje akkurat daglegdags å innvie "nytt" kart med bedriftsløp.

Allereie til start følte eg meg tom for krefter, og konkluderte med at eg burde ha spist meir for 2-3 timar sidan, utan at eg såg kva eg kunne gjere med det der og då.

start-1: Løper som ein idiot (er i modus: "her er eg jo lommekjent..."), og overser m.a. vegetasjonsgrensa som kunne ha gjort posten enkel. Nesten 3 min. tidstap her :-(
1-2: OK
2-3: Løper nok ein gong som ein idiot, og nok ein gong forsvinn nesten 3 min. Når eg om sider er framme på posten, i første omgang utan særleg inspirasjon til å fortsetje, konkluderar eg med at eg no må prøve å skjerpe meg, roe ned det så langt høgst mislukka forsøket på å løpe "fort" (etter min målestokk...), og vidare i løpet å ta det med ro, og ikkje minst orientere som om eg er i eit terreng der eg ikkje er kjent frå før.
3-4: Eg trur at vegvalet er OK, men eg finn ingen god trasé over "dalen" litt over midtvegs. Mykje nedfall på kryss og tvers her. Elles dumt at postbeskrivelsen ligg oppå det store venstrevegvalet, og særleg rart er dette når det uansett er best plass til postbeskrivelsen (, og då også plass til større skrift i denne) nede til høgre?
4-6: OK
6-7: Litan bom inn mot posten, der eg kjem eit hakk for langt til høgre.
7-8: OK
8-9: Eg ser etter eit godt høgrevegval, men i mangel av å sjå opplagte gode traséear både til og frå vegen, bestemmer eg meg i staden for venstre, der eg skal halde høgda inn mot posten på siste del av strekket. Eg kjem for lavt etter å ha kryssa streken, og finn ikkje den traséen eg eigentleg hadde bestemt meg for, men om eg hadde funne den, er kanskje vegvalet OK i forhold til høgresving på veg?
9-mål: OK
Show comments (0)
 
bedriftsløp (2019-06-05)