pokalkamp 4 (04-06-2019)
Categoria: Konkurranse
Mapa/Área: Bjorøy
Etter silkeføre på Kvamskogen i helga, var det bokstaveleg talt tilbake til kvardagen på Bjorøy:

start-1: OK.
1-2: Det raskaste må vere å dra rett tilbake til stien, og så venstre langs denne.
2-3: Dårleg trasé opp til stien, elles OK.
3-4: Det må vere langt betre å ligge litt meir til høgre, og løpe minst mogleg i den grusomt tunge myra her.
4-6: OK.
6-7: Det er nok raskare å dra til venstre for den siste haugen.
7-8: Her er det ein betre trasé lengre til venstre etter å ha kryssa steingarden, men ikkje heilt lett å tolke det ut av kartet.
8-9: Følast OK, men eg lurar veldig på kvar Rannveig Nordhagen har løpt, så mykje som ho slår meg med på dette strekket.
9-10: OK, etter at eg står stille på posten i 10-15 sek., og vurderar (og forkastar) stor venstresving, også pga usikker passasje opp til parkeringsplassen.
10-mål: Motbakke...
Mostrar comentários (0)
 
pokalkamp 4 (04-06-2019)