bedriftsløp (22/05/2019)
Kategori: Konkurranse
Harita/bölge: Bjørndalsskogen
2 strekk med minuttap i dag:

Ut frå 1. les eg strekket frå 5. til 6., og drar feil veg. Når eg oppdagar feilen og rettar opp, gløymer eg i forvirringa at planen var høgre, og ender opp med å dra rett gjennom grumset under kraftlina. Det var ikkje lurt, men så var det jo heller ikkje det eg eigentleg hadde tenkt...

Frå 11. er planen sti, men i første venstresvingen går eit tråkk rett fram, som eg intuitivt tenkjer held høgda og treff stien lengre framme. Det viste seg å vere ei total feilvurdering...

Elles rimeleg greitt, men mange "ekle" passasjar, eg likar meg betre i "rein" skog, ikkje så prega av fysiske inngrep som dette området.
Yorumlari göster (0)
 
bedriftsløp (22/05/2019)