Oslo City Cup (2019-04-02)
Categoria: Konkurranse
Nome della mappa: Akerselva / Grünerløkka
Til 1. løper eg gjennom eit gjerde som eg sjekkar på kartet før eg løper gjennom, og der og då oppfattar som passerbart, men som nok er meint å skulle vere upasserbart. Eg såg berre ein tagg då eg under løpet sjekka og konkluderte som eg gjorde, no ser eg ein tagg til, men når eg ikkje såg denne taggen under løpet, er det nok fordi taggen fell saman med ei kote… Det eg evt. sparar (i staden for å runde gjerdet), er ca. 10-15 sek.

Til 9. løper eg gjennom ein undergang (under ei bru), der kartet ikkje viser passasje, men det er heilt logisk for meg at det er ein undergang der.

Til 11. blir eg knust på strekktida, noko som ikkje kan bety anna enn at dei som har løpt veldig mykje fortare enn meg har kryssa den forbodne gata…

Det var mange som ikkje brydde seg med å løpe innom startposten, men det var heller ikkje merking som eg såg frå start til startpost…
Visualizza commenti (0)
 
Oslo City Cup (2019-04-02)