vintercup Fana (03-01-2019)
Kategori: Konkurranse
Kort/område: Slåtthaug
Opna O-året 2019 med ein kombinasjon av glatt lue og hovudlykt som absolutt ikkje passa saman. Etter å ha kasta lua etter 2., og stramma opp og remontert lykta direkte på hovudet, orienterte eg stødig vidare mot 4., utan at det var dit eg skulle.
Etter å ha vore til 3. og så til 4. att, tok eg så venstrevegvalet til 6., og viss nokon stussar på at 6 kjem etter 4, så er det all grunn til å stusse. På 6. skjønner eg at eg eigentleg skulle til 5., men har kjempeproblemer med å kome meg ned den bratte bakken, eg ser stort sett null og niks i regnskodda, og når eg til slutt står på toppen av ein mur, tør eg ikkje å hoppe ned, fordi eg ikkje ser kor høg muren er, og listar meg i staden varsamt mot venstre, til eit punkt der eg endeleg ser bakken under muren. På returen frå 5. ser eg at muren der eg ikkje turde å hoppe ned er under meteren høg...
Vidare ser eg lite gjennom brilleglasa, men eg kjem meg rundt...
Vis kommentarer (0)
 
vintercup Fana (03-01-2019)