nattcup Ås (27-11-2018)
Categoria: Konkurranse
Mapa/Área: Vardåsen i Ås
Eg sleit med både lysteknikk og O-teknikk her. Ny lykt er tinga, og så får vi sjå kva som kan gjerast med det O-tekniske...

Til 1. kan eg delvis skulde på kartet, og at den nye hogstvegen var heilt annleis enn kva eg tolka det ut frå kartet.

Til 4. er eg ved første forsøk (kompass og skritt(!)) mindre enn 10 meter frå posten, men eg ser han ikkje, og deretter drar det på seg...

Også på 6. er eg ved første forsøk veldig nær posten, men utan å sjå han... Betre lys hadde kanskje gjort det enklare, og så likar eg betre dei refleksstavane vi brukar i Bergen, enn "reflekspostar" som er lett å forveksle med løparar på leiting.

Kva eg gjer frå 6. til 14. eignar seg ikkje på trykk, og det gjer heller ikkje det eg gjer frå 17. til 18., men det siste er etter at eg har resignert, og gjort det heile om til ein lett treningstur i kulda. Eg var så kald då eg skjønte kvar eg var etter å ha bomma grovt på 7., at eg konkluderte med at det einaste forsvarlege var å dra nordover mot mål.

Det er freistande å dra tilbake i dagslys for å sjå meg litt rundt, og sjekke kva som eigentleg skjedde ut frå 6. (planen var jo å dra til 7., men då eg skjønte kvar eg var, var eg ein heilt annan stad...), og gjerne også frå 17. til 18.
Mostrar comentários (2)
 
nattcup Ås (27-11-2018)