bedriftsløp natt (26.09.2018)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Fantoft/Storetveit
Er godt nøgd med avslutninga i går, men sleit i starten.

Inn mot 2. får eg ikkje tak på kvar stien om lag midt på blokka går opp til høgre, og bestemmer meg for å ta posten frå stien som går rett opp mot posten. Heller ikkje denne stien får eg tak i, og når eg snur meg for å sjå kvar eg er ift blokka bak meg, ser eg feil blokk (eg ser ikkje at det på kartet er ei blokk også under skravuren), og går meg like etter det fast, før eg forstår at eg må tilbake mot sør.

Ute på Storetveitmarkane klarer eg ikkje å lese kurvebiletet (for tynne brune strek, som ligg tett opp i farge mot bakgrunnen), samstundes som kartet er rimeleg utgått på dato her, ift andre detaljar.
Vis kommentarer (0)
 
bedriftsløp natt (26.09.2018)