pokalkamp 6 (28/08/2018)
Категорія: Konkurranse
Карта/область: Alvøen / Mathopen
Ut frå start les eg post 2 som 1.post, og stussar på at vi får eit slikt vegvalsstrekk direkte frå start, når det ikkje er startpost. Eg veljer venstre (høgre er kanskje kjappare?), og gjennomfører greitt. Rutinene fungerer, og dei siste meterane inn mot posten, sjekkar eg koden, som er feil??? Eg skjønner lite, eg har jo stålkontroll, og sjekkar postbeskrivelsen på nytt. Då ser eg at kode 74 er ein kode eg skal ha på ein seinare post, utan at eg umiddelbart skjønner kva som har skjedd. Ved den tredje sjekken ser eg lyset...

Eg tek ei laaaang pustepause, tenkjer meg om, kjem fram til at det er greitt å samle poeng i pokalkampløp, og ruslar tilbake i retning mot start til den eigentlege post 1.

Deretter er planen å løpe eitt greitt løp frå post 1 og inn, men motivasjonen forsvinn relativt kjapt, i kombinasjon med tunge bein frå helga som var, og det ender opp som ein roleg spasertur i skogen.
Показати коментарі (0)
 
pokalkamp 6 (28/08/2018)