nattcupfinale Bergen (14/03/2018)
Kategoria: Konkurranse
Mapa/teren: Hordnesmarka
Eg starta i siste del av jaktstartfeltet, og var åleine frå 4. og inn. Eg trudde at eg låg sist i feltet, og var difor relativt overraska då eg kom i mål og fekk vite at det enno var fleire løparar i skogen.

Inn mot 8. er eg veldig usikker, men er faktisk på rett kurs.

Mot 9. finn eg ein grusom trasé, med masse nedfall (tidlegare erfaring med denne dalen er at det grøne ikkje er så ille, men slik var det ikkje i dag).

Til 10. drar eg eit skar for langt til høgre etter å ha forlatt vegen, men luktar lunta og tek meg inn att.

Elles er det første gong eg har kryssa myra vest for 16. utan å bli våt på beina :-) Terrenget var ikkje på nokon måte botnfrose, men det var mogleg å finne frosne nok traséar :-)

Monsterlykta virka ikkje på start, og eg løp difor med reservelykt med langt svakare lys enn det eg er van med,
Pokaż komentarze (0)
 
nattcupfinale Bergen (14/03/2018)