nattcupløp (17/01/2018)
Category: Konkurranse
Map/area: Kokstad
Organiser: IL Gneist
Til 4. finn eg 2 villfarne jenter, som eg etter litt fram og tilbake heldigvis klarer å forklare kvar er. Den eine av dei var langt vest for sitt eige kartutsnitt.

Inn mot 5. trur eg at eg har kontroll, men det har eg absolutt ikkje. Etter kvart blir eg virrande rundt saman med dagens damevinnar, og til slutt finn vi posten, utan å vite kvar vi eigentleg hadde vore dei siste ti minutta...

Til 6. ser vi ikkje kvar myra tek opp til venstre.

Til 8. satsar vi på feil tråkk, som ikkje svinger dit vi trur det skal, og vi rotar oss inn i noko skikkeleg grums litt før midtvegs på strekket.

Ut frå 8. drar eg skeivt ut frå posten, ser aldri stien som eg kryssar (10 cm nysnø!), og går meg fast i brake. Mariann følger streken, og løper frå meg vidare inn i gjærlukta som hang tungt over industriområdet her.
Show comments (0)
 
nattcupløp (17/01/2018)