O-ringen 1994, løp 5 (22.07.1994)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Ôrnsköldsvik
3 løp på 3 dagar var allereie eitt løp for mykje i varmen som låg over Örnsköldsvik heile veka, og eg braut allereie på veg mot startpost(!), då eg skjønte at kroppen ikkje på nokon måte var på lag.

På denne tida hadde eg enno ikkje funne den høysnuemedisinen eg brukar no i 2017, og 4 netter i telt på eit tørt og varmt jorde (f.ø. jordet nord for start) gjorde det ikkje betre.

Eg pakka saman teltet, køyrde nordover, og fann ein fuktigare og kjøligare teltplass lenger nord i Norrland, der eg sov som ein stein i 11 timar frå fredag ettermiddag til eit stykke ut i natt til laurdag, før eg fortsette vidare heimover.
Vis kommentarer (0)
 
O-ringen 1994, løp 5 (22.07.1994)